< Telemarkski vs. Kvinner

Telemarkski vs Kvinner

Eg har gjort nokre refleksjonar omkring temaet telemarkski vs kvinner. Dette tankeeksperimentet vart gjort mest for moro skuld, og eg fann fleire ting som kan vera ganske interessante å samanlikne. Vi kan starte med dei tinga som er like.

Når det gjeld form og utsjånad er det sjølvsagt mange forskjellige meiningar om det, men eg tek utgangspunkt i mitt eige subjektive syn. Korleis skal ei ski vera utforma: ei ski bør vera konstruert med innsving, og den bør vera passe lang i forhold til deg sjølv, og den skal og vera tilpassa måla (mest breidda) på skia. Eg har sjølv prøvd ein god del ski, og har også eigd nokre forskjellige ski, men har kome fram til at dei skia eg har no har tilnærma optimale mål for meg. Når ein ser på spesifikasjonane på ei ski, er det ofte oppført lengde i centimeter, og breidde på tre forskjellige stader. Fremst, på midten og bakerst på skia. Breiddemåla er oftast i millimeter. Mine ski er 177 cm lange (eit par cm stuttare enn meg sjølv), og har måla 108 - 75 - 100. Når eg seier optimale mål, er det meininga at skia kan brukast tilnærma optimalt i forskjellig snø, forhold, forskjellige hastigheiter, og at dei fungerar bra til hopp og moro.

No kjem det interessante. Vi skal samanlikne desse måla med måla på ei kvinne. Vi kan ikkje bruke den same terminologien på ei kvinne som ei ski. Det ville vera feil å seie at ei kvinne skal ha mykje/passe mykje innsving. Men på kvinner er det også vitale mål. Lengda blir også hjå ei kvinne målt i cm. På ei kvinne skal og lengda vera tilpassa dei andre måla, og dei bør passe rimeleg bra til dine eigne høgdemål. Det er på lik linje med ski: det ser dumt ut med ei ski som er mykje stuttare eller mykje lengre enn deg sjølv. Her er det eit viktig men: det er viktig å påpeike at ski som er korte ofte har mange morosame eigenskapar, og skia i likheit med kvinner, kan vera ganske mykje lågare enn ein sjølv utan at det går ut over dei andre eigenskapane. Så til breiddemåla. Hjå kvinner er det også tre sentrale mål som er vanlege å bruke: byste, midje og hofteparti. Det er også på dette området likt som med ski: det viktigaste er at dei to ytre måla er større enn det midterste. Det vi på ei ski kallar innsving. På ei ski er det viktig med slike mål for å minske svingradius, samt at skia blir livlegare og morosammare å bruke. Det er i dette tilfellet ikkje nødvendigvis på same måte med kvinner. Det er ingen samanheng mellom mål og graden av livlegheit hjå ei kvinne. Døme: ei kvinne kan ha svært så flotte vitale mål, men likevel ha heilt uinteressante eigenskapar elles, og sjølvsagt motsatt. Eg seier difor ikkje at dei optimale måla på ei kvinne bør vera tilnærma dei same som på skia mine (108 - 75 - 100), men at ei slik kvinne ofte kan sjå ganske bra ut kroppsleg sett. Det er i denne samanhengen viktig å seie at dette er ganske ekstreme mål for ei kvinne, men ganske normale mål for ei ski, og at det ved utveljing av desse "optimale måla" vart lagt mest vekt på graden av fornøying. Måla er kanskje ikkje optimale for alt bruk. Det viktigaste med både ski og kvinnfolk er at dei ikkje er for smale. Det kan gjera at dei blir vanskelegare å kontrollere, uforutsigbare og lunefulle. Alt for breie mål er og eit aber, då dei blir vanskelegare å manøvrere. Skia blir vanskelege å manøvrere til sidene, dei blir tyngre og blir tregare i reaksjonen. Kvinnfolk blir vanskelege å manøvrere ut av sofaen, dei kan bli dyrare i kosten, og blir også tregare. Når det gjeld kvinnfolk er det også usunt å ha for tynne mål, og heller ikkje så estetisk pent. Det var alt om ytre mål.

Når det gjeld utvendig design, er det ikkje så mange fellestrekk, men det viktige for min del er at både ski og kvinner har ein eigen sjel, og at dei ikkje prøver å etterape stilen og utsjånaden til alle andre. Det er utvilsomt det beste å ha ski som ikkje ser ut som alle andre, og som skil seg litt ut. Med kvinner er det viktig at dei vel farger og plagg som passar best til personlegheiten og kroppsfasongen deira. Dette betyr at dei ikkje nødvendigvis må ha klede som alle andre har, men derimot bruke klede, farger og stil som passar betre til enkeltindividet.

Så kan vi gå over til dei eigenskapane som skil seg ut hjå både kvinnfolk og ski. Vi byrjar med ski. Ei ski kan du ta med overalt, og den klagar aldri. Du kan til og med leggje dei på taket på bilen eller i ein skiboks utan at dei klagar. Prøv det med ei kvinne, og du vil sjå at det kan bli vanskeleg. Det er her naudsynt å presisere at ski bør behandlast med respekt, og bør vera inne i eit bra miljø og klima. Ski har sjølvsagt også ei sjel, sjølv om dei er enkle å ha med å gjera. Når det gjeld kvinner, er det ikkje berre eit godt råd, men ei forutsetning at dei blir behandla med stor respekt. Dersom det motsette skjer får det definitivt mykje større konsekvensar enn med ski. Ski likar seg definitivt best på vinterstid, sjølv om enkelte er konstruert til vannski osb. Kvinner likar veldig ofte best sommaren, men det finst også her unntak.
Ei ski vil vera ein like god kamerat uansett korleis humør og dagsform du er i. Kvinner har litt meir ekstreme eigenskapar på dette området. Døme: du kan vera i dårleg humør ein dag, og ei kvinne kan gjera at du blir i veldig godt humør att. Slik sett er kvinnfolk ein flott konstruksjon. Det kan også skje det stikk motsette: du er i godt humør ein dag, men så kjem det ei kvinne og masar på deg eller brukar kjaft på deg, og du blir straks i dårlegare humør. Ei kvinne kan vera veldig hyggeleg, følsom og varm ved sida av deg i ei seng. Ei ski er derimot kald og ufølsom. Dette er eigenerfart, og har berre få unntak....

Når ein då kjem til utveljinga er det forskjellige kriterier som gjeld. Det er ofte enklare å velje deg ut eit par ski. Dette gjeld spesielt dersom du har litt greie på ski. Det einaste som tel er å finne ei bra ski, med bra mål til ein rimeleg pris. Den skal helst og skilje seg litt ut frå andre og ha ein eigen personlegheit. Når du derimot skal finne ei bra kvinne, er det slett ikkje nok å ha god greie på kvinner. Det hjelp sjølvsagt litt, men det er andre ting som tel mykje meir. Kvinner som du kan velje ut ved å sjå på dei og betale for dei, er definitift ikkje å anbefale. Når du trur at du har funne ei kvinne som kan passe for deg, er det slett ikkje berre å ta henne med heim. Kvinna kan ha heilt andre planer enn å bli med nettopp deg, og det er ikkje alltid like lett å finne ut. Grunnen til dette er at kvinner ofte vil vise seg fram frå si beste side både til dei ho vil ha, og dei ho ikkje vil ha. Dette gjer dei av fleire grunnar. Ein av grunnane er at dei likar oppmerksamheit frå deg, eller at dei vil finne ut kven dei har moglegheit til å få. Så til det stikk motsatte: du likar ei kvinne veldig godt men ho ser ut til å avvise deg. Kva skal du då gjera? Det mest fornuftige å tru er då at kvinna ikkje vil ha noko med deg å gjera. Dette stemmer nok i dei fleste tilfelle, men i nokre tilfelle er det stikk motsatt. Kvinna avviser deg, for at ho vil gjera seg litt kostbar, og finne ut om du verkeleg er interessert i henne. Når du skal handle ski, ser du deg ut ei bra ski, ser i lommeboka, betaler for skia og tek ho med heim, eller finn ut at du har for dårleg råd, og let den vera att i butikken.

Som konklusjon kan vi seie at det er både lettare og meir moralsk riktig å låne, prøve, leige og kjøpe ski enn kvinner. Kvinner tek også gjerne litt lenger tid å velje ut. Når du fyrst har brukt lang tid på å finne eit flott eksemplar som vil ha deg, kan dette bli varig, men det er slett ingen regel. Når du med ski kan gjera eit impulskjøp, er ikkje dette alltid noko smart løysing med kvinnfolk. Det er det mange eksempel på rundt omkring. Det som er viktig i utveljinga er å vera tålmodig. Dette betyr ikkje at du kan vente ein sesong dersom du har lyst på ski, det må gjerast raskare! Når det derimot gjeld kvinner kan det i mange tilfelle vera lurt å vente i opp til fleire sesongar til ein finn eit eksemplar som ein blir nøgd med.

Heilt til slutt kan eg og ta med ei annan samanlikning: Kvinner vs Snowboard

Kvinner er også på mange måtar som eit snowboard;

- Du kan berre ha eitt om gongen
- Dei er unaturlege og vanskelege å manøvrere, nesten som ein klamp om foten.
- Du har minska muligheit til å røre på deg.
- Dei er og vonde å få opp motbakkar utan skiheis.
- Dei kan sjå runde ut, men er skarpe nok i kantane, og blir dei for gamle, kan dei lett bli sprøe og miste
spennet.

 

Profeten Vaffel
13 mai 2002